Synva Finne

1. Kva har du studert, og kor tok du utdanninga di? Har du også erfaring fra studietida som har vore nyttig for deg i arbeidslivet?

Eg studerte Industriell kjemi og bioteknologi på NTNU i Trondheim, som er ein integrert teknologi master. Ved sida av studiane har eg både hatt frivillig verv i NTNUI og deltidsjobb på ein papirfabrikk. Begge deler har gitt meg verdifull og relevant erfaring som eg kan ta med meg inni arbeidslivet.

2. Kvar jobber du no, og kan du kort fortelje litt om arbeidsgiveren din? Kva er dine viktigaste arbeidsoppgåver?

Eg jobbar som prosessingeniør i Aragon, eit ingeniør- og teknologiselskap som leverer løysingar innan olje og gass, karbonfangst og -lagring, samt ammoniakk. Som prosessingeniør arbeider eg med alt frå moglegheitsstudiar og konseptutvikling til detaljprosjektering av prosessanlegg. Arbeidet inneber tekniske analysar, prosessdesign og utvikling av løysingar for kundar i ulike prosjekt, noko som gir ein variert og spennande arbeidskvardag.

3. Kva gjorde Talent Vest til ein attraktivt start på karriera di?

Talent Vest var eit tilbod gjennom stillinga i Aragon som gjorde stillinga ekstra attraktiv. Som nyutdanna såg eg på programmet som ei god moglegheit til å møte andre i same situasjon, byggje nettverk og få nyttige erfaringar og verktøy gjennom kurs og samlingar ved sidan av den daglege jobben.

Våre hovedsamarbeidspartnere