Synne Helleland
Hva har du studert, og hvor tok du utdanningen din? Har du også en erfaring fra studietiden utenfor selve studiene som har vært nyttig for deg i arbeidslivet?
Eg har mastergrad i økonomi og administrasjon, med spesialisering i strategi og leiing. Bachelorgraden tok eg ved HVL og mastergraden ved NHH. Gjennom studietida har det vore viktig for meg å engasjere meg. Eit sentralt aspekt ved dette har vore arbeid innan studentpolitikk, der eg i eitt år hadde fulltidsverv som tillitsvald. Gjennom dette arbeidet fekk eg erfaring med relasjonsbygging og samarbeid, samt å finne løysningar i møte med ulike perspektiv. Denne erfaringa er noko eg tek med meg inn i arbeidslivet.
Hvor jobber du nå, og kan du kort fortelle litt om arbeidsgiveren din? Hva er dine viktigste oppgaver i rollen din?
No jobbar eg som prosessutviklar i Tryg forsikring, som er eit av dei største skadeforsikringselskapa i Skandinavia. Her har eg engasjerte kollegaer innan alt frå berekraft og innovasjon, til digitalisering og skadebehandling. I stillinga mi arbeider eg med prosessoptimalisering i skjeringspunktet mellom det manuelle og digitale. Noko som omfattar å analysere, forbetre og implementere prosessar og verktøy som bidrar til auka effektivitet og kvalitet i skadebehandlinga.
Hvorfor valgte du å bli en del av Trainee Vest, og hva var det med programmet som gjorde det attraktivt som start på karrieren din?
Som nyutdanna ønska eg ein god start på karrieren, med moglegheit for utvikling og ein trygg overgang til arbeidslivet. Programmet var attraktivt fordi det kombinerer oppfølging med tilgang til eit verdifullt nettverk, både blant andre nyutdanna og gjennom Bergen Næringsråd.