Ida Vågene
Hva har du studert, og hvor tok du utdanningen din? Har du også en erfaring fra studietiden utenfor selve studiene som har vært nyttig for deg i arbeidslivet?
Eg har ein bachelor og ein master i samfunnsgeografi frå Universitetet i Oslo. I løpet av denne tida hadde eg to utvekslingssemester; eit i São Paulo ved Fundação Getulio Vargas og eit i Melbourne ved the University of Melbourne. Ei nyttig erfaring utanfor studiane har vore som frivillig kurshaldar i Oslo Røde Kors, kor eg har heldt kurs i Psykososial Førstehjelp for nye frivillige. Dette har gjort meg tryggare i rolla som formidlar og auka forståinga mi for beredskap.
Hvor jobber du nå, og kan du kort fortelle litt om arbeidsgiveren din? Hva er dine viktigste oppgaver i rollen din?
No jobbar eg i Vestland fylkeskommune på avdeling for kultur og folkehelse. Her skal eg arbeide med kartinformasjon i ulike prosjekt for å danne eit kunnskapsgrunnlag av ulike areal i fylket. Dette inneberer mellom anna innhenting og kartlegging av data i heile fylket som blir brukt i ulike prosjekt. Prosjekta eg arbeider med er særleg knytt opp mot friluftsliv, natur og kultur.
Nokon av dei viktigaste oppgåvene mine er å lage gode strukturar for lagring av data slik at dette kan nyttast på ein smartare og meir effektiv måte, følgje opp kommunar i prosjekta og framstille data visuelt. Denne hausten blir den største oppgåva å ferdigstille omkring 100 informasjonsstavlar med oversikt over ro- og padleruter rundt omkring i fylket.
Hvorfor valgte du å bli en del av Trainee Vest, og hva var det med programmet som gjorde det attraktivt som start på karrieren din?
Eg valte å bli ein del av Trainee Vest fordi det var ein moglegheit til å utvikle kompetansen min innan kartinformasjon i ein organisasjon eg ville bli betre kjend med. Programmet er attraktivt for meg fordi det gjev nettverk, utvikling og arbeidserfaring heilt i starten av karrieren.