Andrea Håland

Hva har du studert, og hvor tok du utdanningen din? Har du også en erfaring fra studietiden utenfor selve studiene som har vært nyttig for deg i arbeidslivet?
Eg studerte byggingeniør på Høgskulen på Vestland, campus Førde. Ved sidan av studiane har eg hatt fleire roller som har gitt meg verdifull erfaring. Blant anna var eg økonomiansvarleg i Førde Studentidrettslag i to og et halvt år. Der fekk eg god innsikt i teamarbeid, økonomistyring og organisasjonsarbeid. I tillegg har eg jobba som studentambassadør for HVL, der eg deltok i rekruttering av nye studentar og representerte institusjonen på ulike arrangement. Eg har også arbeidserfaring frå smelteverket Elkem Bjølvefossen gjennom sommarjobb. Dette har gitt meg praktisk innsikt i industrien, samt kjennskap til oppgåver ingeniørar kan ha. Her såg eg og korleis krav til kvalitet og kompetanse fungerer i kvardagen.

Hvor jobber du nå, og kan du kort fortelle litt om arbeidsgiveren din? Hva er dine viktigste oppgaver i rollen din?
Eg jobbar som prosjektingeniør i BSI offshore, en nisjebedrift på vel 40 tilsette innan teknisk isolering og maritime løysingar i inn- og utland. Bedrifta har store og mindre kontraktar både onshore og offshore. I mi rolle har eg ansvar for spesifikke kundebehov som kalkulasjon, tilbodsutrekning og ingeniørtenester. Eg medverkar i heile prosjektprosessen frå planlegging og gjennomføring til ferdigstilling av ulike prosjekt.

Hvorfor valgte du å bli en del av Trainee Vest, og hva var det med programmet som gjorde det attraktivt som start på karrieren din?
Eg valte å bli ein del av Trainee Vest fordi eg ønska ein god og lærerik overgang frå studiar til arbeidsliv. Eg var ferdig utdanne som 21-åring og hadde relativt lite arbeidserfaring, så det betydde mykje for meg å få ein stødig og dyktig mentor den første tida i jobben eg har utdanna meg til. Kombinasjonen av tett oppfølging, faglege samlingar og moglegheitene til å bygge nettverk gjorde Trainee Vest til eit attraktivt program for meg.

Våre hovedsamarbeidspartnere