Har Bergensområdet straum nok til å vekse?

Regjeringa vil halvere tida det tek å byggje straumnett. Samstundes kan tredje forbindelse inn til Bergensområdet framleis liggje rundt ti år fram i tid. Kan dei nye grepa få fortgang i prosjektet?

Arrangementsinfo

  • Tirsdag 15. september 2026 kl. 08:30 - 10:00
  • Kulturhuset i Bergen
  • Påmeldingsfrist: mandag 14. september kl. 12:00
Priser
Medlem
Kr. 0,-
Ikke-medlem
Kr. 590,-

* Alle priser er eks. 25% mva.

Konsernsjef i Statnett, Elisabeth Vike Vardheim, kjem til Bergen for å gi sitt perspektiv på nettutbygginga, status for tredje forbindelse og kva regjeringa sine nye ambisjonar kan bety for framdrifta.

Bergensområdet treng meir nettkapasitet for å sikre nye investeringar, elektrifisering, beredskap og vidare næringsutvikling. På frukostmøtet spør vi:

  • Kan tredje forbindelse kome raskare?
  • Kva står på spel for næringslivet dersom kapasiteten ikkje kjem tidsnok?
  • Kva må til for å få meir tempo i nettutbygginga?

 

Bergen Næringsråd og Eviny inviterer til frukostmøte om ei av dei viktigaste næringspolitiske sakene for regionen.

I samarbeid med

Våre hovedsamarbeidspartnere