Fjordtinget 2025 - Program

09:00 Registrering og kaffi

10:00 Opning av Fjordtinget

Claus Sellevoll, vikingskald og skodespelar

Frå Washington til Vestlandet – korleis påverkar amerikansk politikk næringslivet her heime?

Dei store omveltingane i USA har alt fått globale konsekvensar. Det skapar også uro og frykt i vestnorsk næringsliv. Kva skjer i amerikansk politikk nett no og kva kan vi vente oss i tida som kjem?

Hilmar Mjelde, professor ved Høgskulen på Vestlandet og ein av Noregs mest kjende ekspertar på amerikanske politikk.

I spagaten mellom naturvern og kraftbehov

Korleis finn ein den rette balansen mellom vern av natur og kraftbehov i grøn omstilling?

Har vi framleis tillit til forsking og fakta i Noreg?

Håvard Haarstad, Professor, senterleiar, Senter for klima og energiomstilling, Universitetet i Bergen

Sonja Chirico Indrebø, administrerande direktør i Eviny Fornybar

Helene Ødven, nestleiar, Naturvernforbundet

Lars-Henrik Paarup Michelsen, dagleg leiar, Norsk Klimastiftelse

Einar Vaage, prosjektleiar, Greenspot Mongstad

Reinare og rikare Hardangerfjord og vassdrag

Fjordtinget har formulert ein ambisjon om å sjå vassdrag og fjordar i samanheng for å skape eit grunnlag for berekraftig forvaltning. Eit best mogleg kunnskapsgrunnlag kan sikre reine og rike elver og fjordar. Kor langt er vi komne?

Svein Roger Selle, CEO, Selle & Partners

Hans Kleivdal, assisterande konserndirektør, Norce

Monica F. Solberg, forskingssjef, Havforskingsinstituttet

John A. Gladsø, seniorrådgjevar i Vestland fylkeskommune

ca. 11:45 Pause

Byjobb frå bygda – kan fjernarbeid løfte distrikta?

Mellom 40 og 50 prosent av jobbane i dag kan i prinsippet utførast kvar som helst. Korleis kan norske distriktskommunar gjere seg nytte av dette? Kan fjernarbeid vere løysinga for kompetansearbeidsplassar i distriktet?

Kåre Hansen, sjefsforskar, Norce

Leif Jarle Gressgård, forskar I, Norce

Torgeir Næss, ordførar i Kvam herad

Tove Botnen, leiar for EY Consulting i Bergen. EY legg til rette for ein hybrid arbeidsmodell, og store delar av arbeidstida er ho på kontor heime i Hardanger.

Bård Basberg, rådgjevar, Sogn Næring

ca. 13:00 Lunsj

Hardangerfjorden- havbrukets Silicon Valley

Havbruksmeldinga har etterlate like mange spørsmål som svar. Men meldinga kan også opne opp for løysingar – for grøn vekst, betre fiskehelse og smartare regulering. I Hardanger står fleire aktørar klare til å ta i bruk heilt ny teknologi for å nå måla.

Monica F. Solberg, forskingssjef, Havforskingsinstituttet

Erlend Haugarvoll, hovudeigar og dagleg leiar i Lingalaks

Cato Lyngøy, CEO, Ovum

Sondre Eide, dagleg leiar, Eide Fjordbruk

Vestlandsdebatt før stortingsvalet

Vi står framfor eit svært spennande stortingsval. Korleis vil partia fremje ein politikk som skapar nye verdiar, arbeidsplassar og optimisme på Vestlandet?

Sigbjørn Framnes, stortingskandidat for Frp

Liv Kari Eskeland, stortingsrepresentant, Høgre

Ulvar Akselsen, ungdomskandidat i stortingsvalget, for Ap

Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant, Venstre

Våre hovedsamarbeidspartnere