Bergen Urban: Avskjedsintervju med Liv Signe Navarsete

1. september går Liv Signe Navarsete av som Statsforvaltar i Vestland. 27. august kjem ho til Bergen Urban for å gje sitt avskjedsintervju på DNB Scenen.

Arrangementsinfo

  • Torsdag 27. august 2026 kl. 09:00 - 10:00
  • DNB Solheimsviken, Solheimsgaten 7C

Liv Signe Navarsete har vore ein av dei mest markante politikarane i Norge på 2000-talet. Ho har vore leiar av Senterpartiet, parlamentarisk leiar, samferdselsminister, kommunal- og regionalminister og stortingsrepresentant. Etter politikken vende ho tilbake til Vestlandet og blei Statsforvaltar i Vestland.

Vi er stolte over å invitere til eksklusivt avskjedsintervju med ein av dei mektigaste vestlendingane. Det kjem til å handle om regjering og storting, regulering og byutvikling, og mykje meir.

Møteleiar er Siri Kleiven Strøm, næringspolitiske rådgjevar i Bergen Næringsråd.

Legg merke til at påmeldinga skjer på festivalsida til Bergen Urban. Her kjøper du festivalpass og reserverer plass på arrangementet.

Våre hovedsamarbeidspartnere